Om studiet
Fysikk handlar om å utforske dei største mysteriane i universet. Samtidig er det fysikken som ligg bak mykje av teknologien som formar framtida, frå kunstig intelligens og romfart til medisinsk teknologi og grøn energi.
På fysikkstudiet får du ikkje berre lære korleis verda fungerer. Du lærer å tenkje som ein forskar, løyse problem som ikkje har fasitsvar og bruke matematikk, programmering og teknologi til å finne nye løysingar.
Gjennom eksperiment, målingar, datamodellar og teori lærer du korleis naturen fungerer, frå dei minste partiklane til galaksar milliardar av lysår unna.
Ein fysikar er ettertrakta i mange bransjar fordi fysikarar er gode til å analysere komplekse problem, handtere data og forstå teknologi. Tidlegare fysikkstudentar jobbar mellom anna med medisinsk teknologi, energi, klima, IT, forsking, finans og utvikling av ny teknologi.
Verda står overfor store utfordringar. Skal vi utvikle berekraftig energi, forstå klimaendringar, utforske verdsrommet og skape morgondagens teknologi, treng vi folk som forstår fysikken bak.
Vil du forstå universet og vere med på å forme framtida? Då kan fysikk vere studiet for deg.