Program for Open Dag
Bli kjent med fordelene ved å velge humanistiske fag, og oppdag hvilke muligheter studier som kunsthistorie kan gi deg videre i utdanning og arbeidsliv.
- Vi fortel om våre utdanningar innan kunsthistorie (bachelorprogram og årsstudium)
- Vi gir deg eit innblikk i korleis det er å vere student hos oss
- Vi viser deg studiestaden - Det humanistiske fakultet
- Vi snakker om kva moglegheiter ein har når ein er ferdig med utdanninga, både i form av vidara studiar og jobbmoglegheiter
- Vi svarar på det du lurer på om utdanninga og studentlivet!
Om studiet
Bachelorprogrammet i kunsthistorie passar for deg som er interessert i kunst og visuelle uttrykk, både når det gjeld form, farge og estetiske uttrykksformer. Kva tyder desse uttrykka? Dei som likar historie, eller er opptatt av design, kulturminnevern, museum og er glad i å skrive vil òg kjenne seg heime hos oss.
Gjennom studiet lærer du om visuell kultur, kunst og arkitektur i eit historisk, sosialt, retorisk og estetisk perspektiv. Vi utforskar ulike former for visuelle medium, som måleri, skulptur, fotografi, arkitektur og landskap. Tyngdepunktet er den visuelle kulturen i Europa frå antikken til i dag.
Kunsthistoriefaget stiller spørsmål som:
- Kva rolle har bilete i religion, og på kva grunnlag har ein villa forby dei?
- Er pressefotografiet ei spegling av røynda eller ein konstruksjon?
- Når blir noko kunst: er ikonet i kyrkja kunst, eller blir det kunst først når det heng i galleriet, og kva kan eit urinal seie oss når det blir kunst?