Program på open dag:
- Studentlivet sett frå innsida: Ein pedagogikkstudent fortel om kvardagen som student ved UiB, studiemiljøet og kvifor dei valde bachelor i pedagogikk
- Fagleg smakebit: Få eit innblikk i sentrale tema innan pedagogikk gjennom ei kort og engasjerande forelesing frå ein av fagmiljøet sine undervisarar
Om studiet
På bachelor i pedagogikk får du ei brei innsikt i lærings- og kunnskapsprosessar, både i skulen, organisasjonar og på arbeidsplassen, frå individnivå til gruppe- og samfunnsnivå.
Viktige spørsmål innan pedagogikk er:
- Kva betydning har utdanning i og for samfunnet?
- Kva er sentrale tema innanfor pedagogikk og korleis har desse utvikla seg over tid?
- Korleis kan ein halde seg oppdatert på utviklinga innanfor pedagogikk og kvifor er detta viktig?