Program på Open dag:
- Studentlivet sett frå innsida: Ein spesialpedagogikkstudent fortel om kvardagen som student ved UiB, studiemiljøet og kvifor dei valde bachelor i spesialpedagogikk
- Fagleg smakebit: Få eit innblikk i sentrale tema innan spesialpedagogikk gjennom ei kort og engasjerande forelesing frå ein av fagmiljøet sine undervisarar
Om studiet
På dette studieprogrammet får du ei brei og fagleg bakgrunn for å kunna hjelpa menneske med ulike føresetnader for læring og utvikling, inkludert dei som er svært talentfulle og dei med ulike utfordringar eller funksjonsnedsetjingar.
Du vil lære å identifisere styrkar, utfordringar og hindringar som kan påverke deira deltaking i eit inkluderande fellesskap.